top of page

Inn på tunet, skogplanting og framtidsplanar på garden

Oppdatert: 1. mai

Det er veldig fint å ha garden som arbeidsplass og få jobbe saman med dei flotte menneska som nyttar seg av tilbodet vårt gjennom Inn på tunet. No er vi i full drift, og etterspurnaden er stor – faktisk så stor at vi har venteliste. Eg skulle så gjerne hatt plass til alle som ynskjer å delta, men kapasiteten strekk ikkje til akkurat no. Difor er målet å utvide tilbodet slik at fleire kan få ta del i dette verdifulle opplegget.



Framtidsplanar for Inn på tunet

For å kunne utvide, treng vi ein meir langsiktig finansieringsplan. På Inn på tunet-konferansen fekk vi verdifull informasjon og inspirasjon, noko som gir meg håp om at dette kan bli mogleg. Eg kjem til å jobbe vidare med dette framover – ikkje berre for å utvide mitt eige tilbod, men også for å oppmuntre andre gardar til å bli godkjente.

Det er gledeleg å sjå at forsking viser den positive effekten av Inn på tunet: For kvar krone kommunen investerer i slike tenester, får dei fire kroner tilbake. Dette viser at gevinsten er langt større enn kostnaden!


Stor interesse for skogplanting

Også innan skogplanting har vi venteliste! Det er inspirerande at så mange ungdomar og foreldre ønskjer å bidra til å plante ny skog for lokale skogeigarar i kommunen. Like kjekt er det at skogeigarane opnar opp for ungdommar og gir dei moglegheit til å ta del i dette viktige arbeidet. Kanskje vil nokon av dei finne vegen til skogbruket som ei framtidig yrkesretning?


Utseld ved før den er kløyvd!

Når det gjeld vedproduksjonen, går alt unna lenge før veden er kløyvd. Vi produserer så mykje vi klarer, men planen framover er å auke opp i alle delar av drifta: fleire plassar i IPT-tilbodet, meir ved, fleire egg, meir kjøt, fleire grønsaker og meir kasjmirskinn. Det er mykje spanande på gang!


Balansen mellom arbeid og fritid

Midt oppi alt dette er det viktig å hugse på å vere ein familie, ha privatliv og finne ein god balanse mellom arbeid og fritid. Vi gler oss til ein etterlengta skiferie på Hovden, og nyleg var vi på Bergen-helg og fekk trimma lattermusklane på Dagfinn Lyngbø-show.


Etablering av Reime Gard og Skog AS

Ein annan stor milepæl er at vi no har oppretta Reime Gard og Skog AS, med Trond som styreleiar og meg som dagleg leiar. Frøystein Garden vil framleis bli drifta som eit enkeltpersonføretak.

Vi er også stolte over å vere målbedrift i Kvinnherad Næringservice, der vi har fått god hjelp til å finpusse logoen (som Trond har designa) og utvikle ei nettside som snart blir tilgjengeleg.


Velkommen, vår!

Med full kalender og spanande planar framfor oss, ynskjer vi våren velkommen! Det blir travelt, men aller mest kjekt.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page