top of page

Inn på tunet

Vi tilbyr

Tilrettelagte, kvalitetssikra velferdstilbod på garden vår. Tilbodet skal gi mestring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet her. Garden og pedagogen skal vere ein ressurs for den som nytter seg av tilbodet. Vi legg til rette og skreddersyr etter den enkeltes forutsetning og behov. Tilrettelegginga kan gjerne planleggast i samarbeid med deltakeren sjølv, pårørande eller kontaktperson i t.d. NAV eller kommune. Nokon ynskjer å arbeide fysisk, medan andre treng ro/kvile og ein stad å komme til. Nokon har kun fokus på dyra og treng å vere rundt dei, medan andre kan få opplæring i motorsag og vedmaskin. Det er stor variasjon i korleis ein kan legge tilrette for at den enkelte skal få best mulig utbytte av tilbodet. 

Plan og rapport

Dersom det er ynskjelig, kan vi utarbeide både pedagogiske planar og pedagogiske rapportar etter behov. Vi kan og knytte eksisterande planar opp mot aktiviteten på garden samt delta på relevante evalueringsmøter. Pedagogisk leiar på garden har god kompetanse innanfor å knytte teoretiske mål opp mot praktisk arbeid/aktivitet. 

Godkjenning

Vi er godkjent som "Inn på Tunet tilbyder" av Stiftelsen Norsk Mat. For å bli godkjent må ein jobbe seg systematisk gjennom ein grundig godkjenningsprosess. HMS planar, HMS kurs, "Inn på tunet skolen", levere godkjent KSL, førstehjelpskurs/utstyr og godkjent brannslukningsutstyr tilgjengelig og synlig, ha internrevisjon og eksternrevisjon, toalett og pauserom. Når eksternrevisjonen var ferdig her hos oss uten avvik, var vi lykkelige over å ha fullført prosessen og komt oss over målstreken! Det var verdt strevet når vi no kan drive ein IPT gard med fokus på å gje eit trygt og godt tilbod for dei som nytter seg av våre tenester.  

SAMARBEIDSPARTNERE 

Våre hovudsamarbeidspartnarar er Kvinnherad kommune og NAV. I tillegg samarbeider vi med fleire andre aktørar, blant anna Kvinnherad Næringsservice, Kvinnherad Frivilligsentral, Hydro Husnes, Skag Profilera, Søre Kvinnherad Skogeigarlag, Skogkurs, AT Skog, Byggservice og Motvind Norge.

KK_Logo_20cm.png
D6E4ED40-D342-495D-9E10-A96329BC9619.jpeg
kvinnherad-naeringsservice-1.png
Skag+Profilera+logo_liten_nettside-189w.png
cropped-AT-Skog-NY_gronn-kontur.png
Motvind-Norge-hvit-bakgrunn-886x800-1.png
IMG_8656.png
IMG_8652.webp
IMG_8655.png
bottom of page