Familiedag for tilsette ved Hydro Husnes
- Kristine Reime
- 1. mai
- 1 min lesing
I samarbeid med Hydro Husnes, vert det skipa til ein familiedag på garden for dei tilsette og deira familiar. Datoen er sett til 15 Juni, og vi håper det blir ein fin dag for store og små!
Kva kan du forvente:
Det vil bli anlednig til å helse på ulike dyr som geiter, frittgåande høner og påfuglar, mini grisar, kaniner og kyllingar. Korsvegen Gård kjem på besøk med hestane sine denne dagen, så det vil bli høve til ein ridetur for dei som ynskjer. Korsvegen Gård stiller med hjelm og anna utstyr slik at ein sikrar ein god og trygg tur på hesteryggen.
Kanskje har du lykken på Kvinnherad Breiband sitt lykkehjul? Det vil iallefall gode muligheter for mindre og større gevinstar om du prøver lykken. Blir du sulten innimellom lykkehjul og dyrekos så kan du komme til bålpanna og få deg ei pølse i brød. Kanskje du ønsker å spikke din eigen grill pinne som du kan bruke? Om ikkje, vert det grilla på rist. Det vil og bli servert bålkaffi til dei vaksne.
Er du tilsett ved Hydro Husnes, har barn eller barnebarn? Då håper vi å sjå dykk på garden denne sommardagen!
Praktisk informasjon:
Påmelding til Hydro Husnes
innan 8. Juni
Gratis arrangement sponsa av Hydro
Parkering ved vassverket og merka felt på garden
Toalett ved fjøse
Enkel bålmat og bålkaffi
Vis respekt for dyra på garden
.jpg)
















Kommentarer