top of page

Familien Frøystein Reime

F052140F-7F18-4C7F-A974-BC08791BFF01.jpeg

Kristine og Trond Reime

Her er oss! Vi er gift og har fire barn.

​

Trond er utdanna Røkter og Skipper. Han arbeider annakvar månad på sjøen og annakvar månad på garden, der han i hovudsak er vedprodusent og driv med dyrehald, jakt og fiske.

​

Kristine er utdanna Barnehagelærar og Agronom, og har "Inn på tunet" drift på garden. Ho er og Skogbrukskonsulent og tar oppdrag etter forespørsel.

​

Saman driv vi eit Enkeltmannsforetak (Frøystein Reime Gård) og eit Aksjeselskap (Reime Gård og Skog AS)

IMG_7435_edited_edited.png

Dei fire ungane våre

Her er gjengen vår!

​

Tea på 8 år som likar å vere med dyra, hoppe på trampoline og super glad i å ha besøk på garden!

​

Sara på 13 år som har full kontroll på dyra, likar å lage ved, vere med på jakt og fiske, sove ute og bade året rundt!

​

Vilde på 17 år som likar å lage mat, særlig med fisk og skalldyr. Likar å vere sosial med venner og stiller opp som fotball trener og barnevakt

​

Abdul på 20 år som er fast avløyser på garden, fotball trener for to lag, henge med venner og ellers alt anna som har med fotball å gjere.

​

9865323F-8223-406C-82E2-C3D0D0705383_edi

Heimen vår

 "Frøystein garden"

​

Den vart bygd i 1986 oppe i Onarheimslio på Husnes. Tidligare låg garden der som golfbanen på Husnes er no. Då "Sør-Norge Aluminium" No ved navn "Hydro Husnes" skulle etablere seg, trong dei arealet der som garden låg. Det blei derfor bygd ny gard til mine besteforeldre som fekk adresse Onarheimslio 227. 

​

Den tidligare drifta med melkekyr, melkekvote og stutar vart avvikla då mine besteforeldre skulle pensjonere seg.

​

Vi overtok garden i 2021, og starta då etablering av ny drift på garden.

Dyra på garden 

Vi har ulike dyr på garden med tanke på eit variert "Inn på Tunet" tilbod

Dyra på garden har eit godt lynne og er fine og vere rundt. Dei er vane med å omgås barn og besøkende på garden. Dei fleste dyra går fritt. Hønene og påfuglene er frittgående, medan geitene går med Nofence (GPS klave). Grisar og kaniner bur innanfor gjerder, men som ein kan gå inn til for å få nærkontakt. 

E2B25293-E1CF-46FA-B5E8-11E488E232E0.heic

Kasjmir geitene

Vi har idag ein besetning på 30 geiter

Mordyr, kastrater og kje

​

Geitene går med Nofence

  • Instagram
  • Facebook
IMG_1187.jpg

Høner og hanar 

Vi har ein flokk på 23 høner og 2 hanar 

Hønene legger fargerike egg som er svært gode med solgul fyldig plomme

​

Vi får kyllingar 1-2 gonger i året. Rundt påske tider er det fint å ruge fram "påske kyllingar". Idag har vi 19 kyllingar.

  • Instagram
  • Facebook
IMG_1239.jpg

Påfuglar 

Vi har fem påfuglar. To hanar og tre høner

Om sommaren fell påfuglen fjærdrakta si, og vi kan "hauste" flotte fjær. Så veks det ut ny fjærdrakt før vinteren igjen

​

Påfuglane legg egg, og på våren kan det dukke opp påfuglkyllingar. Nylig fekk vi eit kull som vi har hatt i rugemaskin.

  • Instagram
  • Facebook
3BBDFCE3-4D79-4D0F-B1C9-0BA2EFE40378.heic

Mini grisar 

Vi har to mini grisar

Det er to kastrerte han grisar (Galte).

​

Dei er på garden som kjæledyr

  • Instagram
  • Facebook
59F16E9B-34C1-4E35-BCE8-FFF8A756D3B3.heic

Kaninene 

Vi har tre ho kaniner 

Dei er fine kjæledyr som er mjuke å kose med. Inne i kanin garden har vi ein sofa som ein kan sitte i medan ein held og klappar dei

  • Instagram
  • Facebook
DA9A4D57-A574-4C87-933C-85B660018907_1_2

Kattane 

Vi har tre kattar på garden

To ho katter og ein han katt. Ein av dei er aktiv muse jeger, medan dei to andre likar best å late seg i eit fang eller på ein stol inne. 

  • Instagram
  • Facebook
bottom of page